Makalaus Mat AS

Skal du ha selskap - lite eller stort - men ikkje har plass heime, eller lyst til å lage mat? Då må du ta kontakt med oss, Makalaus Mat AS Me kan tilby god mat til ein rimeleg pris til dei fleste arrangement. I tillegg har me flotte lokaler til utleige. Spisesal, festsal, møterom, peisestugu mm. Her kan du få spesialsydd meny og lokale, som høver akkurat for det du ynskjer. Me tek imot bestilling på både bryllaup, minnestund, møter, mm. Me heldt til i Sundrevegen 65, gamle Sundre Hotell på Ål, no kjent som Sundre Gjestestugu Gå inn på våre ulike menyar og sjå kva me kan tilby. Her finn du alt frå klassiske smørbrød til flotte koldtbord. Me lagar og småmat for salg! Du kan nå oss på mail: post@makalausmat.no eller tlf: 90547730.